torsdag 17. desember 2009

Dikt V

Norrøn mytologi er en over femten år lang fascinasjon hos meg :-) All ære til mamma og pappa som gav meg min første bok om vikinger.


LOKES TALE

No når skuggar i hallen er alt eg kan sjå
då minnast eg landet eg reiste i frå
Der eg dansa i graset så våryr og vill
Eg var ung og eg visste kvar eg høyrde til

Eg kan soger om kjærleik og soger om sorg
Om eit liv her i Åsgard, i æsar si borg
Men eg veit eg er jotun i hjarte og sjel
og guden i meg har eg no slått i hel

Å, Odin, vi kan ikkje stansa det no
For eg har ein lagnad som ingen forstod
Så farvel då, min konge, min blodsbror og ven
til vi sjåast på Vigrid når ragnarok kjem

*

Ta meg heim
- til dei stader der hjartet mitt er
Der eg veit eg er bandlaus og fri
Ta meg heim
- til mi Sigyn, eg vil vera ho nær
når eg veit at mi strid er forbi

Ta meg heim -
heim til Utgard, der bølgene slår
Og der vindane baner seg veg
Og der bekkane flaumer i fjellet kvar vår
Og der frender no kallar på meg

Ingen kommentarer: